mandag, august 04, 2008

Steikje an inderla 2. Framhaldet.

Heldigvis har me ete foer eg sette meg ned for aa skriva dette innlegget. Fann ut at det var kanskje det greiaste.

I dag har me vore paa guiding igjen - heile dagen. Turen var spontan, eigentleg; det stod om den paa ein lapp paa rommet vaart (paa Hotel El Indio Inn); guiden snakka engelsk og turen skulle til og med gaa innom Ibarra. I Ibarra har me jo aerend i og med at mamma ville sjaa kor Maria, kusina mi, kjem fraa, og dessutan anbefalte legestudenten fraa bussen oss ein spesiell type (heimelaga) is. Saa me tok kontakt i resepsjonen. Me vart einige om aa ta turen dersom han hadde indianarflette. Og etter bortimot ein time, paa kvelden ein gong, kom guiden og helste paa oss.

Hippie er berre foerenamnet hans. Etternamnet hans er Woodstock. Eller kanskje Harry. Der kom han inn doera, med flette.
Og solbriller.
Og to gulloeredobbar.
I kvart oeyre.
To gullhalsband.
Saeggebukse.
Tre gullringar.
Amerikansk aksent.
(brrr...)

Sjoelvsagt ville me ha tur. Han hadde jo flette.



Klokka ni i gaar (ja, det vart maandag foer eg fekk skrive vidare) morgon kom Hippie Washington og henta oss med raanebilen sin; ein kvit liten polo-liknande jypling av ein leikebil. Me hadde ikkje ete frukost, for det skulle me jo gjera saman, men daa han spurde om me hadde ete, vart han overraska over svaret. Saa maatte me jo innom ein stad og eta. Etter litt raaning til reggaemusikk tok me inn paa ein restaurant, og fekk servert luftbollane vaare med syltety paa. "Must have been great to grow up when you did, senjorita Anna Maria... wow, Woodstock, all of that... no limits..." Nikking og smiling fraa vaar side; mest av han som fortalde.

Det mest guideliknande Washington presterte, var heilt i byrjinga av turen. "Yeah, they all paint their housees in the same color... and you know, these treeses are from Australia, they're really cool, you know...". Me saag La Casa del Sol Naciente, the house of the rising sun, ein kalendar som "no-one really knows how to use; it's, like, really old, you know". Saa for han avgarde oppover mot ein foss, med oss paa slep. "You know, I can take a photo of you." Det var einaste gongen den dagen han ytra det den dagen. "Senoritas."

Saa bar det avgarde igjen. 130 kilometer i timen paa motorvegen; me naermar oss ein sving, og bilen framom koeyrer "litt" for seint. Loeysinga er sjoelvsagt aa koeyra forbi. "Yeah, you know, here, everybody drives according to their own health, you know. No speed limits, it's awsome."

Jau daa, me saag mykje fint i laupet av turen. Me var oppe i ein vulkan som putra, men som heldt seg roleg paa grunn av alt vatnet i krateret, og saa var me paa baattur rundt i den. Washington var sjoelvsagt den einaste som ikkje hadde vest paa seg. Passar fint med det han sa: "You know, I keep young, you know." Well, you know what, fellow???? Nokon held seg i FEIL ALDER... Me vitja Ibarra, som har fantastisk klima, og aat heimelaga is, helados de paila; me kjoepte guava og vitja "the wood carving thing" og "the leather place", i tillegg til "the weaving thing place". Og det var skikkeleg fascinerande, mykje av det.

(det hoeyrer med til historia at dei paa the weaving thing place var onkel og tante til guiden, og at me, grunna sterkare kjoepepress, kom ut derifraa med ein pose for mykje)

Men det var nok. Den einaste samtalen me hadde med guiden dreidde seg om Woodstock, drugs og smoking. Og ikkje tale om me fekk avslutta turen daa me hadde vore i Ibarra og var mette for dagen. Det var daa me var innom "the wood carving thing" og "the weaving thing place".

Overload.

Klokka SJU om KVELDEN var me attende i Otavalo. "You know, if you want to join me to just... drive around... just let me know, right? And if you want me to drive you to Quito, I charge 40 dolar... no mas..."

NEI TAKK!!!!!!!!

søndag, august 03, 2008

Steikje an inderla

Heldigvis har me ete foer eg sette meg ned for aa skriva dette innlegget. Fann ut at det var kanskje det greiaste.

I dag har me vore paa guiding igjen - heile dagen. Turen var spontan, eigentleg; det stod om den paa ein lapp paa rommet vaart (paa Hotel El Indio Inn); guiden snakka engelsk og turen skulle til og med gaa innom Ibarra. I Ibarra har me jo aerend i og med at mamma ville sjaa kor Maria, kusina mi, kjem fraa, og dessutan anbefalte legestudenten fraa bussen oss ein spesiell type (heimelaga) is. Saa me tok kontakt i resepsjonen. Me vart einige om aa ta turen dersom han hadde indianarflette. Og etter bortimot ein time, paa kvelden ein gong, kom guiden og helste paa oss.

Hippie er berre foerenamnet hans. Etternamnet hans er Woodstock. Eller kanskje Harry. Der kom han inn doera, med flette.
Og solbriller.
Og to gulloeredobbar.
I kvart oeyre.
To gullhalsband.
Saeggebukse.
Tre gullringar.
Amerikansk aksent.
(brrr...)

Sjoelvsagt ville me ha tur. Han hadde jo flette.

(kva skjer vidare?? Fylg med - no stengde nemlig nettkafeen!)

torsdag, juli 31, 2008

Esmeraldas vil ikkje ha oss

Me har proevd aa reisa til Esmeraldas i dag, utan hell. Fyrst var me paa flyplassen og forhoeyrde oss om flybillettar, men der var det ikkje seter foer om fleire dagar, og sidan var me paa busstasjonen, der dei hadde seld alle billettane fram til klokka fem om ettermiddagen. Sidan Esmeraldas er kjend for aa vera litt ekstra utrygt, og me ikkje hadde kome til aa vera framme foer ein gong mellom halv tolv og halv eitt (bortimot aatte timar kvar veg), berre for aa returnera midt paa dagen i morgon, droppa me turen og reiste til La Mitad del Mundo.

Og eg som trudde eg allereie hadde vore paa midten av jordkloten. Det var altsaa kjempefeil. Det heile har med feilmaalingar aa gjera; monumentet eg vitja i 2006 vart laga foer ein hadde GPS, og for 15 aar sidan fann ein ut at midtlinja gjekk 50-100 meter lenger... mmm... nord, trur eg. Der var me i dag. Det var fascinerande aa sjaa; visste du at det er umogleg aa balansera midt paa ekvator? Eller at ekvator er den einaste staden der ein kan faa eit egg til aa balansera? Eller at midt paa ekvator er det ikkje sentrifugalkraft, saa naar du slepper ut proppen av eit kar, gaar vatnet beint ned?

Gratulerer med dagen, onkel Smagne, eg gaar ut fraa at du fylgjer noeye med her og at du har lese meldinga om ti minutt sjoelv om det er natt heime.

onsdag, juli 30, 2008

Banjos

Me er i Banjos (irriterande at det ikkje er nj paa denne maskina, altsaa!), som ligg litt utanfor der Amazonas sine lange, groene armar sluttar aa strekkja seg ut. I gaar kom det ein Jose (det er ikkje apostrof, heller) og henta oss klokka 08; han tok oss med rundt ikring i skogen og me var ikkje attende foer klokka var halv ni om kvelden. kjekk dag! Fyrst fekk me helsa paa apekattane i eit naturreservat. Apene der er slike som politiet har samla inn fraa ulovlege apeeigarar; det var ei som var saa lita at ho brukte bleie, og saa var det ei som hadde blitt adoptert av ein hund og hadde hengt paa ryggen til hunden i 14 mnd. Ei av apene sjekka haaret mitt for lus, og ei anna stal nesten lommeklutane til mamma. Herlege dyr. I skogen saag me paa plantar og bada i ein foss, og var innom eit indianarreservat der ei tolv aar gamal jente var gift og hadde ein unge paa aatte maanadar. Spesielt.

Meir oppdatering seinare!

mandag, juli 28, 2008

Til Quito

Klokka fem paa sju vart me vekte av dei som jobbar paa Casa Alianza. Drosjen var der. Og eg som trudde at mamma ikkje var slik laga at ho kan forsova seg. Me skunda oss veldig, og pakka, plasserte vekk koffertar og kledde paa oss, kom oss i drosjen paa under ti minutt og maatte sjoelvsagt betala blodpris av di me gloeymde aa avtala pris foer me sette oss inn i bilen. Daa me kom paa flyplassen hadde me god tid, men ikkje betre tid enn at eg klarte aa leggja att mobiltelefonen. Men snakk om hyggelege menneske. Heilt fraa eg sa fraa paa flyet og til no, naar me sit og ventar paa at telefonen skal koma med eit anna fly, har folk gjort alt dei kunne for aa hjelpa oss. Me har vore sende fraa eine personen til neste, og alt har ordna seg! Og medan me ventar, driv me og oppdaterer nordmenn over internett og etterpaa skal me eta lunsj. Fantastiske menneske... Trur ikkje eg har truffe saa greie folk her nede sidan... i gaar kveld. Daa hadde eg bussete ved sidan av ein langtovermiddels kjekk legestudent. haha, eg likar Ecuador.

Ja, og Quito? Quito er straalande. Det er sol, men ikkje kvelande varmt, saa ikkje eingong mamma sveittar, folk snakkar sakte saa eg plutseleg kan mykje meir av spraaket enn foer, me har god tid, og naar me berre faar dusja (slik me ikkje fekk i dag morgon, i og med at me braatt hadde 1,5 t mindre enn planlagd), blir alt chevere.

lørdag, juli 26, 2008

Puerto Lopez

Me er i Puerto Lopez, ein hamneby som er stoerre enn Montañita, men som heller ikkje er diger. Her er det roleg; det som lagar mest braak er tutinga fraa bilane og litt musikk. Ein tyskar fraa NEXUS (spraakskulen paa casa alianza), som er paa alder med meg og snakkar engelsk med irriterande amerikansk, brei dialekt, heiv seg paa, og me har til og med faatt han paa rom med oss. Fun fact: han veit ikkje at me kan tysk.

Mamma meiner det er mykje festing her, men ho har ikkje vore paa Montañita. Om kveldane sloekkjer dei vegljosa paa strandpromenaden saa det ser ut som om det er stengd. men det er sikkert fordi det skal bli mindre ubehageleg dersom ein blir rana. I alle fall ser ein ikkje kva som hender daa, og det blir mindre traumatisk.

me var paa Isla de la Plata i dag (oey); der var det mange fine fuglar, og kvalane paa vegen vinka til oss. Eg var saa groen at eg konsentrerte meg om aa ikkje mata krabbane. No er tyskaren utolmodig, saa me skal gaa og kjoepa is...

lørdag, juli 19, 2008

ps: er det nokon som les dette?

Fargerik fiskegryte (matblogg)

I dag har eg laga fiskegryte til tjue personar heime hjaa Veronica. Ho har ganske stor familie... Daa det viste seg at mamma hadde hovudverk og maatte halda seg i senga, fekk eg ekstrem sceneskrekk ein augneblenk, men det gjekk over, og vel framme hjaa familien Bustos sette eg Loyda, syster til Veronica, i sving med aa kutta opp maten.

I fylgje dei som aat, vart visst ikkje resultatet saa verst, sjoelv om me hadde bytt ut nokre ingrediensar (yoghurt i staden for roemme, kvitlauk og salt i staden for vel halvparten av fiskebuljongterningane som skulle til). Veronica kalte retten "Fish que grita" - altsaa fish (engelsk fisk) som skrik, og den vart klassifisert som ceviche. Positivt eller negativt? Eg veit ikkje. Det eg veit om ceviche, er i alle fall at det er ein forrett. Werner, kjaerasten til Paola, laga dessert: frukt og is med smelta sjokolade paa toppen. Herleg!

Til kvelds har eg og mamma ete maiskolbar og den soetaste ananasen du kan tenkja deg. Eg er glad.